Sykle til skulen- trygg trafikk

Å sykle til skulen!

Å sykle til skulen gir frisk luft, mosjon og er ein god kvardagsaktivitet. No som snøen er borte og vi har ein flott sykkelsti heilt fram til skulen oppmodar vi til at alle som kan, syklar til skulen.  Det er foreldra som avgjer om borna får sykle til skylen eller ikkje, men vi ønskjer at flest mogleg gjer det kvar dag. Hugs hjelm:)

Mange born har lyst til å sykle til skulen, men foreldra køyrar dei likevel. La dei nytte sykkelen på skulevegen og gje dei eit godt grunnlag for god helse og eit sunt aktivitetsnivå.

Reglar om sykling til skulen.

Tidlegare hadde skulane høve til å forby syklilng til skulen i ordensreglementet. Dette er no endra. Skulane kan fortsatt gje anbefalingar om bruk av sykkel. På Valle skule ønskjer vi at flest mogeleg syklar til og frå skulen/SFO.

Reglar:

2 hjul = hjelm

Å sykle saman med born.

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS