Årsplan 2015-2016.

Årsplan Valle SFO.

SFO ønskjer å være med på å auke bornas glede i læringsprosessen.

Personalet skal leggje til rette for bornas behov for leik, tryggheit og varierte aktivitetar både inne og ute. SFO skal være ein integrert del av skulen så langt det er mogleg, og skal delta i nødvendig samarbeid med skulen.

Overordna mål for SFO:

SFO skal gi omsorg og tilsyn og leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.

SFO bør styrke barnas sosiale utvikling og uformell læring, og bidra til fysisk aktivitet og gode matvanar.

SFO skal være tilgjengelig for alle barn, fremme deltaking, medverknad og opplevast inkluderande for alle. 

 

Opplæringslova om SFO:

§ 13-7.Skolefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS