Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Avløp - offentlege avløpsanlegg

Tenesteomtale

Kommunen er ansvarlig for at avfallet innbyggerne produserer ikke forurenser miljøet. Kommunen sørger for at avløpsvann fra boliger, hytter og næring samles og transporteres via et nettverk av rørledninger til et kommunalt behandlingsanlegg.
Med avløpsvann menes utslipp fra toalett, kjøkken, bad, vaskerom o.l. Utslipp fra svømmebasseng eller akvarium kalles for spillvann og skal også tilknyttes avløpsanlegget.
Kommunen kan krevje at alle bustader og verksemder knyter seg til det kommunale avløpsanlegget.
I område med busetnad som er spredt eller for hytter, kan det byggjast mindre og/eller private reinseanlegg, som må godkjennast av kommunen.

Målgruppe

Bustadeigarar, hytteeigarar og næringar.

Kriterium/vilkår

Kommunen eig avløpsnettverket og har styresmakt til å krevje tilknyting, endre løyve og til å kontrollere anlegg.

Pris for tenesta

Prisen for tilknyting og bruk av det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.
Vatn- og avløpstenestene skal drivast etter sjølvkostprinsippet. Det tyder at inntekter og kostnader skal vere like store. Inntektene kjem hovudsakleg frå gebyra, mens kostnaden ved tenesta er ein sum av driftskostnader, administrasjonskostnader og kapitalkostnader (renter og avskrivingar).

Samarbeidspartnarar


Lover

Plikta til å vere tilknytt offentleg avløpssystem går frem av av § 27-2 i plan- og bygningslova. Sjå også:
  • § 22 i forureiningslova som gjeld krav om rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre forureining
Forureiningsforskrifta
  • kapittel 12 Krav til utslipp av sanitært avløpsvann fra boliger, hytter o.l.
  • kapittel 13 Krav til utslipp av kommunalt avløpsvann fra mindre tettbebyggelser.
  • kapittel 15 Krav til utslipp av oljeholdig avløpsvann
  • kapittel 15a Påslipp
  • kapittel 16 Kommunale vann- og avløpsgebyr.

Plan- og bygningsloven
Forurensningsloven
Forskrift om miljørettet helsevern
Forurensningsforskriften

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Korleis søkje om tilknyting
Søknad om tilknyting til vatn- og avløpsanlegg.
Søknad om tilknyting gjeld for dei som skal byggje eller gjere større vedlikehaldsarbeidar.
Forureiningsforskrifta kapittel 13, plan- og bygningslova kapittel 20.

Søknad om utsleppsløyve.
Søknaden er for avløp som ikkje skal knytast til det kommunale nettverket. Du må søkje kommunen om utsleppsløyve både når du skal etablere eit nytt utslepp, og når du skal auke eit noverande utslepp frå gjeldande rammer. Du må også søkje dersom du skal endre type utslepp eller utsleppstad. Kontakt kommunen dersom du er usikker på om du treng å søkje.
Forureiningsforskrifta kapittel 12 gjeld for søknader om utslepp frå bustader og hytter.
 
Søknad om løyve til påslipp.
Utslepp av avløpsvatn frå ulike verksemder kan ha ei samansetjing som er vanskeleg for avløpsanlegget å handtere. Verksemdene treng å søkje kommunen om påslipp av forureina avløpsvatn.
Forureiningsforskrifta kapittel 15 og 15a gjeld for søknader om utslepp eller påslipp for verksemder.

Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Tjenesten oppdatert: 28.10.2019 09:19