Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens

Er du pårørande til ein med demens som bur heime, kan du søkje kommunen om dagaktivitetstilbod.

Tenesteomtale

Tilbodet om dagaktivitetar for heimebuande med demens er tilpassa behovet og meistringsnivået til brukaren, og skal gi gode opplevingar og meiningsfulle kvardagar. Samtidig vil du som pårørande få nødvendig avlasting.
 
Eksempel på aktivitetar som vi kan tilby er:
  • gå- eller sykkelturar
  • trening, dans, song og musikk
  • lese- og poesigrupper
  • kulturopplevingar
  • handverk
  • friluftsopplevingar.

Målgruppe

1. Personar med demens som bur heime.
2. Personar med demens som har korttidsopphald på institusjon.
3. Pårørande til personar med demens som anten bur heime eller har korttidsopphald.

Kriterium/vilkår


Pris for tenesta

Kommunen kan ta ein eigendel for tenesta.
Dersom tilbodet om dagaktivitet er meint for å avlaste deg som er pårørande, er tenesta gratis.

Samarbeidspartnarar


Lover

Dette er ei lovpålagd teneste.
Sjå spesielt helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 7 og pasient- og brukarrettslova § 2-1a.

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må sende ein søknad til kommunen. Kommunen fattar deretter eit vedtak basert på ei individuell vurdering av brukaren sine behov og ønske.

Vedlegg


Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Tjenesten oppdatert: 04.05.2020 13:09