Blyanter_kartlegging

Eksamen 10 trinn

10 trinn ved Valle skule er trekt ut i Engelsk til skriftleg eksamen våren 2017.

Førebuing:

Torsdag 18 mai er det obligatorisk førebuingsdag. På førebuingsdagen er alle hjelpemidlar tillate og elevane kan samarbeide, hente informasjon og få rettleiing. Materialet til førebuingsdagen vert kun publisert på nett av di det er bilete, film og lyd som ein del av materialet. 

Til eksamen er heile læreplanen til om med 10 trinn aktuell. 
Elevane får tilgong til førebuingsmaterialet torsdag kl 09.00 og i dette materialet vert det kunngjort tema for årets eksamen.

Materialet er ca 10 digitale sider, gå å gje elevane tid til å arbeide grundig med materialet og til til å knytte tema for eksamen til innhaldet i opplæringa. Innhaldet  er knytt opp mot tema på ulike måtar og består av ulike typar tekst med ulik lengd og vanskgrad.  Førebuingsmaterialet har universell utforming, og tekstene er og tilgjengeleg med syntetisk tale. Tekstane skal vere til inspirasjon og til bruk som kjelder på eksamensdagen.

Eksamensdagen:

  • Fredag 19 mai kl 08.30: oppmøte i Storstoga.
  • Eksamen kl 09.00 til 14.00.

Hjelpemidlar:

På eksamensdagen er hjelpemidlar tillat, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan nyttast som kommunikasjon. For engelsk, som andre språkfag, er heller ikkje omsettingsprogram tillete.

Meir utfyllande informasjon om eksamen i Engelsk- sjå rettleiing

 

Lukke til!

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS