Julenisse

Førbuing til jol og gudsteneste.


  • Det er adventstid med tenning av ljos,joletre, kalender, joleverkstad og gudsteneste. Dette er hyggjelege avbrekk i ein hektisk skulekvardag. Markering av jol står sterkt i norsk kulturarv og tradisjon, og opplæringslova si førmålsparagraf §1-1 og læreplanane i skulen formidlar at skulen har eit ansvar for å formidle kultur og tradisjonar.


Like sikkert som at jola er i desember, kjem debatten om jolegudsteneste. Nedafor kjem ei orientering elevar, foreldre og andre involverte partar ang gudsteneste før jol.

Generelt.

Opplæringlsova §2-3 første ledd gir elevar rett til fritak frå aktivitetar og arbeidsmåtar i opplærings som ut frå deira eigen religion eller livssyn opplever utøving av ein anna religion eller tilslutning til eit anna livssyn. Retten til fritak gjeld ikkje kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen.

  • Avgjersla er generell og gjeld heile gurnnskuleopplæringa.
  • Elevar over 15 år kan sjølv kreve fritak, medan foreldra avgjer for elevar under 15 år.
  • Skulen skal årleg informere elevar og foreldre om retten til å kreve fritak.

Det er opp til eleven/familien sjølv å vurdere kva som er krenkjande eller kva dei opplever som utøving av ein anna religion. Også aktivitetane som vanlegvis opplevast som nøytrale, slik som åpning av jolekalender og joleverkstad, kan opplevast som krenkjande for nokre. Elevane kan ikkje søkje fritak frå å lære om jola og tradisjonane, men dei kan få fritak frå aktivitetane. Elevar som er fritatt frå aktivitetar eller arbeidsmåtar grunna livssyn eller religion, har rett til tilpassa opplæring. Td kan det vere at elevar som ikkje kan lage jolepynt, få materiell og rettleiing til å lage noko anna fint.

Skulegudsteneste.

Skulenkan arrangere skulegudsteneste som ein del av vår generelle kultur og tradisjonsformidling. Gudstenesten er ikkje eindel av KREL-faget.

  • Gudstenesten bør gjennomførast i forståing med heimen.
  • Skulen skal gje god informasjon om gudstenesten og retten til fritak i god tid.
  • Skulen har eit livssyntsnøytralt alternativ.
  • Skulen har felles avslutning for alle elevane etter gudstenesten.
  • Elevane melder seg på gudstenesten.

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS