Generelt om fråver i grunnskulen.

Særskild om retten til dokumentasjon av grunnskuleopplæringa.

Fråvær og permisjon i grunnskulen.

Born og unge i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring jf. Opplæringslova §2-1. Dette betyr at borna skal delta i  opplæringa.

Kvart skuleår er 190 skuledagar for elevane og dersom ein elev er borte frå 10 undervisningsdagar kvart skuleår, dvs. 1 dag pr mnd frå august tom juni, utgjer dette eit halvt års skulegang i løpet av grunnskulen! Dette vil vere uheldig for dei fleste elevar.

Valle skule ønskjer av den grunn å informere og presisere kva for retningsliner som gjeld for fråver og permisjon i grunnskulen. Punkta nedanfor er i stor grad henta frå opplæringslvoa med tilhøyrande forskrift:

Fråver og dokumentasjon i grunnskulen.

Fråver i grunnskulen vert delt inn i dokumentert fråver og udokumentert fråver. Det betyr at det skiljast mellom gyldig og ugyldig fråver.

Foreldre pliktar å melde frå om fråver og søkje permisjon ved fråver.

1.) Dokumentert fråver:

1.1 Kortare fråver og sjukdom.  Når ein elev er borte frå skulen grunna sjukdom, tannlege,begravelse o.l. er dette å rekne som dokumentert fråver dersom det vert levert melding om årsak til fråveret frå foreldre eller sjukemelding frå lege. Dersom det er mogleg, skal melding leverast inn på førehand.

1.2 Andre trussamfunn:  Elevar som tilhøyrar andre trussamfunn utanfor Den norsk statskyrkje, har etter søknad rett til permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har heilagdag. Elevar har ikkje rett på å få erstatta tapt undervising pga permisjonen. Foreldre må sjølv sørgje for at eleven får den naudsynte undervisninga i permisjonstida.

1.3 Permisjon inntil to veker, jf opplæringslova § 2-11: Når det er forsvarleg, kan rektor etter søknad gje den enkelte elev permisjon inntil to/2 veker. Det skal utvisast skjøn ved handsaming i kvar enkelt søknad. Permisjon er av den grunn ingen rettigheit, men vurderast i kvart enkelt tilfelle.

Søknaden skal vere skriftleg, på eige skjema, og sendast til rektor i god tid. Elevar har ikkje rett på å få erstatta tapt undervising pga permisjonen. Foreldre må sjølv sørgje for at eleven får den naudsynte undervisninga i permisjonstida.

2. Udokumentert fråver:

2.1 Når elever er borte frå skulen utan at det vert levert melding/søknad frå foreldre, er å rekne som udokumentert fråver.

2.2 Stort fråver som ikkje kand dokumenterast, kan ha betydning for karakteren i orden på ungdomskulen.

3. Føring av fråver på vitnemålet.

Frå om med 8 trinn skal alt fråver eleven har førast på vitnemålet. Fråver skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar. Det går ikkje fram på vitnemålet kva som er dokumentert eller udokumentert fråver.

3.1 Stryking av fråver: Ein elev kan krevje at inntil 10 skuledagar til saman pr skuleår ikkje førast opp på vitnemålet. Dette gjeld i følgjande tilfeller:

a) Dersom eleven sitt fråver skuldast helsegrunnar, varer lengre enn tre/3 dagar og er dokumentert med legeerklæring, kan fråveret strykast frå den 4 dagen.Dersom ein elev har ein funksjonshemming eller kronisk sjukdom og leverar legeerklæring om risiko for fråver som følgje av dette, kan fråveret bli strøket frå første fråversdag.

b) Dersom elevar sitt fråver skuldast innvilga permisjon etter søkand frå foreldre/føresette. For at eit slikt fråver skal kunne krevjast ikkje ført på vitnemålet, må fråveret vere av minst ein dags varigheit.

Det er inga automatikk i stryking av fråver nemd i punkt a. og b.Foreldra må sende inn skriftleg søknad/dokumentasjon til rektor om å få strykt fråveret. Dette må gjerast seinast innan 1 juni avgangsåret for at fråveret ikkje skal kome med på vitnemålet.

3.2 Vedlegg til vitnemålet:  Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråveret vert ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når årsaka til fråveret er dokumentert. Det understrekast at eleven eller foreldra må sjølv krevje at årsaka til fråver førast som vedlegg til vitnemålet og at det er eleven og foreldra som har ansvar for å framskaffe dokumentasjon av årsaka til fråveret. Dette må gjerast innan 1 juni avgangsåret.

 

Forskrift til opplæringslova: § 3-41.Føring av fråvær i grunnskolen

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

a) dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS