Elevundersøking 2016

Foreldreundersøkinga Valle skule

Foreldreundersøkinga - Spørjeundersøking blant foreldre og føresette

Vi er interessert i korleis de som foreldre og føresette opplever læringsmiljøet til barna på skolen, og korleis de synest samarbeidet mellom heim og skole fungerer. Vi har derfor valt å gjennomføre Foreldreundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet.

 

Du avgjer sjølv om du ønskjer å svare på undersøkinga, men for at vi skal kunne bruke svara frå undersøkinga på ein god måte, er det viktig at så mange som mogleg av dykk tek dykk tid til å svare. Dersom det er enkelte spørsmål du ikkje ønskjer å svare på, står du fritt til å hoppe over dei.

Undersøkinga kan lesast og svarast på på bokmål, nynorsk, engelsk, nordsamisk, somali, arabisk og polsk. Resultata blir tilgjengelege for skolen på bokmål, nynorsk og engelsk.

Når skal Foreldreundersøkinga gjennomførast? 
Foreldreundersøkinga er gratis og frivillig å gjennomføre for skolane, og skoleleiinga kan bestille undersøkinga i både vår- og haustsemesteret.

Siste frist for å svare på undersøkinga er19. juni i vårsemesteret.

Helsing rektor- Marit J Brokke

Valle skule

Slik svarer du på undersøkinga 
• Gå inn på Utdanningsdirektoratets nettsider, https://elfu.udir.no/respondent/

Du får tilsendt eit brukarnamn på sms.

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS