Frå august 2019 gjeld retten til gratis kjernetid i barnehagen for 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart. Ordninga er for barn som bur i hushald med låg inntekt og gjev rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen kvar veke.

Inntektsgrensa er sett til 548 500 kroner.

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig av om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen. Dersom nokon vel berre å nytte dei 20 timane, er tilbodet gratis.

 
 
Søknadsskjema finn du her.