Grunnleggjande norsk for minoritetspråklege elevar

Valle skule tilbyr særskild språkopplæring som eit delvis integrert tilbod i skulen.

  Nyankomne minoritetspråklege skal i hovudsak meldast inn på nærskulen og få si opplæring innafor rammene av ordinære klassar og retten til særskild språkopplæring. vert det rekna som det beste for eleven, og foreldra samtykkjer, tilbyr skulen delar av opplæringa i eiga innføringsgruppe.§ 2-1.Retten til grunnskoleopplæring og § 2-8.Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Målet for innføringstilbodet er at eleven så raskt som mogeleg kan lære seg norsk og bli istand til å nå kompetansemåla i Kunnskapsløftet, og følge den ordinære opplæringa i norsk skule. 

Når det kjem nye elevar til skulen,vert det umiddelbart satt igong mottaksamtale og kartlegging av språkbakgrunn og tidlegare skulegong som eleven har.Eleven blir plassert i vanleg klasse ved skulen og i tillegg får eleven eit tilrettelagt tilbod om særskild norskopplæring og om mogeleg tospråkleg fagopplæring. 

Opplæringa gis etter "Læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoriteter" og skulen nyttar kartleggingsverktøyet "Språkkompetanse i grunnleggjande norsk". Vi veit at det tar lang tid å lære seg norsk og skulen gir av den grunn tilbod om tilrettelagt norskundervisning i grupper så lenge det er behov. Kontaktlærar, faglærar og GNO lærar går gjennom kartlegging saman kvar vår og melder inn behov for tilrettelegging for neste skuleår.

I tillegg til særskild norskopplæring gir Valle skule og tilbod om forsterka norsk for elevar som startar direkte i begynnaropplæringa.

Skulen har fleire lærarar med fagkompetanse i grunnleggjande norsk og dei har jamlege fagmøter for deling av erfaring og samarbeid kring elevane i innføringsgruppa. GNO læraren har og tett samarbeid med kontaktlærar og faglærarar på trinna.

Saksgong:

  • Mottaksamtale ved ankomst/innmelding.
  • Kartlegging av språkkompetanse og tidlegare skulegong.
  • Samtykkjeskjem til foreldre/føresette.
  • Vedtak om særskild språkopplæring.

Tilbod:

  • 6-7 år, direkte i klassane med tilbod om styrking av norsk.
  • 8 tom 15 år, delvis integret tilbod; innskriving i sin klasse med tilbod om GNO i innføringsgruppe.

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS