Hylestad barnehage er ein liten barnehage som ligg tett ved Hylestad skule

Uteområdet vårt er spanande og gjev rom for variert leik i ulendt terreng og ulike underlag . Skogen ligg i nærleiken og sti gjeng opp til gapahuken, som er eit flott og utfordrande  turområdet. Fysisk aktivitet er viktig og me nytter oss av både gymsalen på skulen og dette flotte nærmiljøet til å gjeve barna gode moglegheiter til leik og rørsle.

Visjonen vår er; det er godt å vere meg. I barnehagen skal alle barna føle seg trygge, bli sett, høyrt og verdsatt. Barnehagekvardagen er prega av humor og glede, gode samtalar, utfordringar som gjev gode meistiringsopplevingar.

Me arbeider i små grupper med fokus på leik og vennskap. Alle skal få ta del i og være ein del av felleskapet. Hos oss er gode kvardagar og tid og rom for leik viktigast. Me arbeidar med inkluderande læringsmiljø og forebyggande mobbing.

Søknasskjema for barnehageplass eller endringar finn du her.

Vedtektene for barnehagane finn du her.