Blyanter_kartlegging

Informasjon om gjennomføring av kartleggingsprøver 1-4 trinn, våren 2017.

Kartleggingsprøver frå Utdanningsdirektoratet

Frå Utdanningsdirektoratet får skulane i Noreg kvart år eit sett med kartleggingsprøver i lesingrekningengelsk og digitale ferdigheiter for småskulesteget. Somme av prøvene er obligatoriske, nokre er friviljuge for skulane.

Valle skule har vald å ha alle prøvene som obligatoriske.

Prøva i digitale ferdigheiter blir gjennomført for 4. klassesteg om hausten.

1.– 4. klasse skal ha prøvene i lesing, rekning og engelsk i perioden 13. mars til 7. april.

Føremålet med prøvene er å finne elevar som treng ekstra hjelp og støtte. Oppgåvene er ikkje laga for å kartlegge heile spekteret av elevar. Om ein elev klarar alle oppgåvene, betyr det såleis ikkje at eleven er ekstra flink. Elevar som er sjuke på prøvedagen skal få høve til å ta prøva i ettertid.

Rektor kan  vurdere fritak for elevar som har enkeltvedtak om rett til spesialundervisning og for elevar som har enkeltvedtak om rett til særskild språkopplæring for språklege minoritetar.

Skårer ditt barn rundt ei «bekymringsgrense», vil du få beskjed frå skulen om dette og om kva tiltak me vil setje inn for å hjelpe eleven vidare.

Valle skule gjennomfører kartlegging på 1-4 trinn i veke 13 og det gis ikkje permisjon frå opplæringa i denne perioden..

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS