Innmelding i SFO

SFO ved Valle skule har opptak av plass 1 gong pr år og tildelt SFO plass gjeld for 1 år.

Utdrag frå SFO vedtektene:

OPPTAK – OPPSEIING.

  • Søknad om opptak skal vere skriftleg på fastsett skjema.
  • Det kan søkjast for born i 1.-4. trinn og for born med særskilde behov opp til 7.trinn.
  • Hovudopptak er 1. april etter kunngjering i lokalpressa og ved oppslag.
  • Opptaket gjeld for eitt år.
  • Born kan få utvida plass, og nye plassar kan tildelast utanom hovudopptaket dersom det er ledig kapasitet. Skulefagleg ansvarleg er saman med rektor/styrar ansvarleg for opptaket
  • Vedtak i samband med opptak kan klagast inn til formannskapet innafor lovbestemt klagefrist.
  • Plass i SFO seiast opp med ein månad oppseiingstid rekna frå den 1. i påfylgjande månad.
  • Alle oppseiingar og søknadar om endring må vere skriftlege og sendast rektor/styrar

Innmelding i SFO 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS