Klage på standpunktkarakterar.

Informasjon om klage på standpunktkarakterar.

1.Kva kan eleven klage på?

Eleven har rett til å klage på alle standpunktkarakterane dersom eleven meiner at gjeldande regklar for fastsetting av standpunkt ikkje er følgt.

Eleven kan klage sjølv, og foreldra kan klage på vegne av eleven fram til han eller ho fyller 18 år.

Eleven eller foreldra kan krevje ei grunngjeving for standpunktkarakteren j før dei klagar sjølv.

 

Det er ikkje klagerett på undervegsvurdering.

Ei klage på ein standpunktkarakter grunngjeve i at eleven ikkje har fått den undervegs-vurderinga han eller ho har krev på fører ikkje til av vedtaket opphevast. Meiner foreldra eller elevane at skulen ikkje gir eller har gitt eleven den undervegs-vurderinga som følgjer av regelverket, kan dei ta dette opp med skulen skriftleg eller munnleg.

 

2. Korleis kan eleven eller foreldra klage?

Skulen skal informere elevane og foreldra om retten til å klage, klagefrist og kva klagen skal innehalde.

Klagen må vere skriftleg, og skal signerast av eleven eller foreldra. Det må går fram kva eleven klagar på, og klagen bør innehalde annan relevant informasjon og ei grunngjeving for klagen.

Fristen for å klage på standpunkt er 10 dagar. Fristen frå  den dagen eleven har fått karakteren, eller den dagen han eller ho har fått grunngjeve for standpunktkarakteren.

Klagen skal sendast til skulen.

 

3. Korleis skal skulen handsame klagen?

Når skulen har motteke ein klage på ein standpunktkarakter, skal skulen sende klagen vidare til den instansen som skal handsame klagen. Saman med klagen skal skulen leggje ved ei grunngjeving for standpunktkarakteren frå faglæraren og ein uttale frå rektor. Klagaren skal ha kopi av oversendinga.

 

Skulen har på dette tidspunktet i prosessen ikkje høve til å endre fastsett standpunktkarakter eller unnlate å sende klagen vidare til klageinstansen. Er det ein rein føringsfeil, kan rektor rette desse opp sjølv jf. Forskrift for opplæringslova §3-39.

Klagen skal sendast vidare til:

  • Fylkesmannen for grunnskulen.​

4. Kva skal klageinstansen sjå på?

Klageinstansen skal «vurdere om gjeldane føresegner om karaktersetting er følgde» jf: forskrift til opplæringslova §5-12, første ledd.

Det vil seie:

«Standpunktkarakteren er satt i samsvar med reglane om fastsetting av standpunktkarakter i forskrift til opplæringslova §3-18»

5. Kva kan resultatet av klagen bli?

Klageinstansen kan kome med ulike resultat. Innhaldet i dei ulike resultata er som følgjer:

  • Ikkje medhald: når klageinstansen meiner at vedtaket som er gjort er «riktig»
  • Oppheve: når klageinstansen meiner det er feil ved sakshandsaminga eller liknande og sender saken tilbake til skulen som har fatta vedtaket for å handsame saka på nytt.

 

I tillegg kan klageinstansen avvise klagen dersom vilkåra for å klage ikkje er tilstade. Då skal det treffast eit vedtak om avvisning.

Når klageinstansen opphevar enkeltvedtaket og sender saka tilbake til skulen for ny handsaming kan skulen bestemme at:

  • Karakteren vert ståande.
  • Karakteren går opp.
  • Karakteren går ned.

Avgjersla skal grunngjevast. Avgjersla er endeleg, og det er ikkje høve til å klage på nytt. Den endelege standpunktkarakteren skal førast på eleven sitt vitnemål eller kompetansebevis.

 

6. Regelverket.

Klage på vurdering er regulert i forskrifta til opplæringslova kapittel 5.

Bestemmelsene må sjåast i samanheng med Læreplanverket for Kunnskapsløftet og reglane for individuell vurdering i forskrift kapittel 3.

Sluttvurderingane er enkeltvedtak etter forvaltningslova, og kan klagast på etter reglane i forskrifta kap 5. Det er fastsett i  forskrift §3-17.

I forskrifta §5-1 er klage på standpunkt regulert.

 

Kjelde:

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Vurdering/behandling-av-klager-pa-standpunktkarakterer-i-fag/?depth=0&print=1#1.-hva-kan-eleven-eller-foreldrene-klage-pa

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS