Kven kan hjelpe med kva?

På Valle skule ønskjer vi at det skal vere lav terskel for å ta kontakt med kvarandre og det kan då vere godt å vite kven ein bør kontakte om det er noko ein lurer på. Det naturlege kontaktpunktet for ditt barn vil vere kontaktlærarene og for generelle spørsmål kontaktar du skulen.

 

Beste trefftid på telefon er mellom kl 08.00- 15.30, men henvendingar på e-post, skooler eller mobil skule vil i all hovudsak bli gitt svar på neste arbeids/skuledag.

Foreldrekontakten:

  • Dersom du har ein god ide for sosiale samlingar og aktivitetar for klassen.
  • Dersom du har behov for støtte til å ta opp saker som er vanskelege.

Kontaktlærar:

  • Dersom du har behov for å snakke om ditt barn si læring og utvikling.
  • Dersom du ønskjer å snakke om ditt barn si trivsel på skulen.

SFO koordinator:

  • Dersom du har noko du vil ta opp som gjeld ditt barn og skulefritidsordningen.
  • Spørsmål om innmelding, endring av tid i SFO samt ferieplanar.

Spesialpedagogisk rettleiiar:

  • Gjennom kontaktlærar opprettar ein kontakt i høve elevar som slit med fagleg og sosial utvikling.
  • Spesialpedagogisk rettleiar er bindeleddet mellom skule og PP-Tenesten.

Sosialpedagogisk rådgjevar:

  • Gjennom kontaktlærar opprettar ein kontakt med sosialpedagogisk rådgjevar dersom barnet ikkje finn seg tilrette på skulen. Ein kan og ta direkte kontakt.
  • Sosialpedagogisk rådgjevar er eit bindelegg mellom skulen og andre hjelpare som td PPT, BUP, barnevern, familiesentere og helsetenesta.

Skulen sin administrasjon:

  • Alle øvrige spørsmål du må ha ihht elevane sitt læringsmiljø, skuleutvikling og leiing kan du rette til rektor og eller inspektør.

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS