Planlegginsdag_møter

Kvifor planleggingsdagar?

Mange foreldre kan nok ergre seg over at skulen og SFO har stengt grunna planleggingsdagar. Det er ikkje alltid så lett å forstå kva formålet med desse dagane er, korleis ein nyttar dei  og korleis dei kjem elevane til gode?

Valle skule har 6 planlegginsdagar pr skuleåre og skulen vel sjølv korleis ein skal nytte dei. I dei 3 siste åra har skulen hatt fokus på skriving som grunnleggjande ferdigheit og plandagane har innehold dette temaet. Vi  har vore heldige å få delta i eit utviklingsprosjket med UIA og har hatt ekstern fagkomeptanse inn i våre utviklingsmøter.

Dei neste 2 skuleåra skal Valle skule fokusere på Vurdering for læring og vi skal delta i eit samarbeid med Høgskulen i Lillehammer- SkoleVFL 2.1. Alle lærarane og leiinga ved skulen skal då gjennom ei skulebasert kompetanseutvikling med fokus på "Bærekraftig vurderingskultur":

- Korleis får til betre læring hjå den einskilde elev gjennom ein heilskapeleg vurderingspraksis?

Så innhaldet i dei neste plandagane ved Valle skule vil ha kollektiv vurderingspraksis i fokus!

Forelrepulsen forklarar meir om planlegginsdagar i denne lenkja.

God lesing:)

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS