Leksehjelp

Leksehjelp

Valle skule tilbyr leksehjelp til elevar frå 3 tom 10 trinn.

Lekser/heimearbeid

 

På Valle Skule har elevane heimearbeid kvar veke. Skulen gir heimearbeid/lekser for å hjelpe elevane til å nå kompetansemåla i fag og på den måten fremje læring. Vi ønskjer å styrke elevane i å ta medansvar for eiga opplæring samt å hjelpe til med å arbeid effektivt ved at dei må disponere tida si og planleggje arbeidet slik at dei vert ferdige i rett tid.

 

Heimearbeidet/leksene har desse formåla:

  • Repetisjon og automatisering av læringsstoff.
  • Førebuing til seinare undervisning.
  • Ferdigstilling av eit emne eller ei oppgåve.
  • Fordjuping i lærestoff.
  •  

Forskrift til opplæringslova §1-1a- Leksehjelp.

 

Leksehjelp er eit gratis tilbod til elevane frå 3 -10 trinn.

Føremålet med leksehjelp er å:

  • Gje elevane støtte i læringsarbeidet.
  • Gje elevane ei oppleving av å meistre.
  • Gje gode rammer for å arbeids sjølvstendig med læringsarbeidet.
  • Bidra til utjamning av sosiale skilnadar i opplæringa.

 

Korleis er leksehjelpa organisert?

  • Elevane samlast klasserom rett etter skuleslutt/timeslutt.
  • Lærar er tydeleg på kva  målet for leksearbeidet er.
  • Lærar sjekkar at kvar elev veit kva dei har i lekser.
  • Hjelper elevane å kome i gong med arbeidet og motiverer for arbeidet.
  • Læraren sørgjer for at elevane har nok å gjere i heile økta.
  • Minner elevane på kva vi forventar av dei når det gjeld orden og oppførsel.- reglar og rutinar.

 

På leksehjelp arbeidar alle roleg og konsentrert om heimearbeidet/leksene. Er det oppgåver som er vanskelege, spør om hjelp! 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS