Samhandling skule og heim.

Mange born opplever at foreldrea ikkje bur saman og at det kan vere ei utfordring. Skulen følgjer regelverket i vårt samarbeid når barnet har foreldre som bur kvar for seg.

Det kan vere greit å vite kva for rettar og pliktar de som foreldre har og få presisert at det er viktig å ha ein god dialog med skulen på korleis ein skal få til gode og praktiske løysingar for eleven. 

Skuleeigars ansvar

Opplæringslova § 1-1 Formålet med opplæringa.

Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringslova § 13-3d. Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje for foreldresamarbeid.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for samarbeid med foreldre, høvesvis i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Organiseringa av foreldresamarbeid skal ta omsyn til lokale tilhøve. Departementet gir nærmare forskrifter.

Foreskrift til opplæringslova.

§20-1 Formålet med foreldresamarbeid.

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen jf opplæringslova §1-1 og §13-3d. Foreldresamarbeidet skal ha 

- eleven i fokus

- bidra til eleven si faglege utvikling.

Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS