Spinnarane

Nye fritidssyslar blandt elevane på Valle skule.

Elevane ved skulen har oppdaga leiketøyet "Spinner" og mange har det med seg på skulen. Spinnarane gjer akkurat det som namnet seier, nemleg spinner. Dette er svært populært blandt dei yngste elevane. Dei har konkurransar og deler med kvarandre. 

Slike leiketøy som  kjem i butaikkane, er populære over ei tid, før det er nye ting som tar merksemda til borna.

Vi er samde i at "Spinnarane" kan nyttast i timane og friminutta, dersom dei ikkje fører til uro blandt elevane og forstyrrar andre. Mange tykkjer det er godt å ha noko å "fikle med" i timane, somme "klikkar" på pennen, diller med viskelær men no er det altså spinnarane som er i fokus.

Vi er spendte på kva det neste er:)

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS