Bilete av Valle skule ute

Valle skule- eit historisk overblikk.

Valle skule.

Den gamle skulen i Valle var bygd ferdig og vigsla den 27. september 1952.

Av historiske milepælar kan nemnast:

Det vart slutt med omgangsskulen på vestsida i Oveinang i 1919 og talet på skulekrinsar kom då ned i fire i Valle sokn. Det vart vidare prøvd  å la Oveinang vere eigen skulekrins og slå saman Åmli, Vaddebø og Homme til ein krins. Det vart ikkje semje om dette og etter fleire år gjekk saka til høgare instansar. Utpå hausten 1948 kom det melding frå departementet om at «Vallebø, Åmli og Homme krinsar skal slåast saman til ein krins med skulehus ved Harstad-evja». Byggjenemnd vart vald og planlegginga kom etter kvart i gang.

I 1959 vedtok skulestyret at Oveinang skulekrins skulle slåast saman med Valle krins. Overgangen frå små krinsskular til «store» sentralskular var stor, - spanande for dei fleste, men òg skremmande for somme.

Meir detaljert om prosessen kan ein lese i Valle kultursoge bd. VII.

I slutten av 1970 talet brann denne skulen ned.Ny ungdomsskule vart bygd og teken i bruk i 1968. Opp gjennom åra har det vore fleire påbyggingar og ombyggingar, også ny barneskule. Etter 1968 har elevane frå Hylestad og Valle gått saman i ungdomskulen.

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS