Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar

Tenesteomtale

Er du utlending mellom 16 og 67 år og har opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve, skal kommunen gje deg opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Ordninga skal verke med til at du kan ta del i arbeidslivet. Til saman skal du ha opplæring i 600 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som du forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Du må ha gjennomført opplæringa for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.
Det er obligatoriske avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap.

Det skal lagast ein individuell plan. Planen skal ta utgangspunkt i opplæringsbehovet ditt. Har du rett til gratis opplæring (sjå nedanfor), skal du få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 400 timar) dersom du har behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført ein test for å slå fast om du har eit slikt behov.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 67 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. 

Kriterium/vilkår

Du har både rett og plikt dersom
  • du har fått asyl
  • du er overføringsflyktning
  • du er innvilga opphaldsløyve på humanitært grunnlag
  • du har etter samlivsbrot fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag
  • du blir gjenforent med familien din i dei ovannemnde gruppene
  • du er familiemedlem til personar som har permanent opphaldsløyve
  • du er familiemedlem til norske eller andre nordiske borgarar (men ikkje dei som er her etter EØS-regelverket)
  • du har fått mellombels vern og opphald etter flukt frå landet ditt.
Du har plikt til å ta opplæring, men ikkje rett til gratis opplæring dersom 
  • du er arbeidsinnvandrer frå land utanfor EØS-/EFTA-regelverket og familiegjenforent til desse.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis for personar mellom 16 og 67 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.

Lover

Kommunen har plikt til å tilby denne tenesta. Sjå spesielt introduksjonsloven kap. 4 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Forskrift om norskopplæring mv. for innvandrere
Forvaltningsloven
Introduksjonsloven

Saksbehandling

Kommunen mottaket ligg i skal sørgje for opplæring så snart som mogeleg etter at personen har registrert seg i folkeregisteret. Kommunen har ei plikt til å informere om rettar og pliktar til norskopplæring. Dette gjeld også personar som bur på mottak i kommunen.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtak om

  • løyving av eller avslag på deltaking
  • vesentlege endringar i individuell plan
  • at opplæringa blir stansa
  • godkjenning av permisjon
  • søknad om fritak.
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 07.09.2018 14:58