Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opplæring til elevar som er blinde eller sterkt svaksynte

Tenesteomtale

Elevar som er blinde eller har sterkt nedsett syn, har rett til opplæring i punktskrift/blindeskrift for at dei skal få same moglegheit som normalt sjåande til å utvikle seg og lære. Kommunen har ansvar for at dei får eit likeverdig opplæringstilbod i sitt nærmiljø. Kommunen har òg eit ansvar for at foreldra får den nødvendige opplæringa i punktskrift/blindeskrift slik at dei kan følgje opp sine plikter.

Målgruppe

  • Foreldre/føresette med blinde eller svaksynte barn
  • Blinde og svaksynte barn i skulepliktig alder

Kriterium/vilkår

Eleven er blind eller har sterkt nedsett syn

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Samarbeidspartnarar

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Blinde barn har rett til individuell plan. Det er forventa at skulen er orientert. Likevel bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen så tidleg som råd for å orientere om at, og når, det blinde barnet skal begynne i 1. klasse.

Tjenesten oppdatert: 29.12.2017 13:21