Du er her: Oppvekst > Heim
Bilete av Valle skule ute

Oppstart av barnehagar, skule og SFO - oppdatert

Vi er nå godt i gong med å førebu barnehagane og skulane for oppstart i høve nasjonale føringar.

Barnehagane

Barnehagane i Valle opnar igjen måndag 20. april i tråd med nasjonale føringar. Alle som arbeider i barnehagane ser fram til å treffe barna igjen. Me  arbeidar nå godt med å førebu opninga i samarbeid med kommunelege, reinhaldarar og tilsette. 

Onsdag 15. april  kom det ein nasjonal smittevernrettleiar for barnehagane som gjer oss nødvendig kunnskap og føringar for å få forsvarlege og gode kvardagar for barna i tida framover. For å få dette til, har tilsette i barnehagane arbeidd iherdig med omorganisering. Lokala er tilpasse ved å mellom anna ta bort leiker og utstyr som ikkje det er mogleg å reingjere tilstrekkeleg. «Nye» areal vert tatt i bruk. Det er laga rutinar for styrka reinhald. Barne er delt i faste små grupper. Dei skal få opplæring i- og oppfylging ved handvask og andre smitteverntiltak. Barnehagane i Valle kommune er opne frå kl. 07.30 til 15.00 kvar dag. Så langt det let seg gjere, vil personalet ta imot barne ute og barna vil og vere klare ute når dei vert henta.
Vi planlegg barnehagekvardagane med stort fokus på smittevern og mykje utetid. Det pedagogiske opplegget er lagt opp etter dette.
 

Skulen


Skulen, med 1. - 4. trinn og SFO, startar opp igjen 27. april. Måndag 20. april vil det og kome ein nasjonal smittvernrettleiar for skulane. Dette kjem me tilbake med meir informasjon om etterkvart.
Det er framleis ikkje klart når 5. - 10. trinn skal starte opp igjen, men vi gir fortløpande informasjon så snart vi veit meir. 

Omsorgstilbod

Regjeringa har endra noko på sine retningsliner for kven som kan ha rett til eit omsorgstilbod i barnehagane og på skulen. Dette gjeld nå og personell i barnehagar og skular, og det er tilstrekkeleg at ein av dei føresette har samfunnskritisk oppgåve. Ta kontakt med barnehagen eller skulen dersom du har behov for omsorgstilbod. Det er fortsatt kommunen som vurderer om man har rett på tilbod eller ikkje, og terskelen for å få det bør ligge høgt av omsyn til smittevern.

 

Aktuelle lenker

Vil åpne samfunnet gradvis og kontrollert - pressemelding 7. april (Regjeringen.no)

Veileder om smittevern i barnehager under covid-19 utbruddet 2020 - datert 15. april (udir.no)

Forskrift om gjenåpning av barnehager og skoler - pressemelding 17.april (Regjeringen.no)

Vi ber dykk alle om å følgje den nasjonale informasjonen som kjem på offisielle nettsider eller på nyheitene.

Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS