Ordenreglement

Valle skule reviderar ordensreglane ved oppstart skuleåret 2017/2018 grunna endring i opplæringslova §9. Ordensreglane under er gjeldande til nye ordensreglar er handsama i råd og utval rett etter skulestart.

ORDENSREGLAR /ULIKE KØYREREGLAR FOR VALLE SKULE.

Kvardagsreglar:

  •  Elevane skal vere varsame og venlege med alle dei møter på skulen/ skulevegen.
  •  Elevane skal møte fram til timane i rett tid.
  •  Elevane skal halde arbeidsro i timane.
  •  Elevane skal henge yttertøy på knaggen utafor klasserommet.
  •  Elevane skal gjere skulearbeidet til avtalt tid og ha med seg rett utstyr til timane.
  •  Elevane skal halde god orden i skulesakene sine, i klasseromet og i skuleområdet.
  •  Elevane skal ta vare på alt utstyr/materiell som høyrer skulen/medelevar til og er til vanleg ansvarleg for skade dei påfører skulemateriell eller eigedelar til medelevar.
  •  Elevane skal rette seg etter køyrereglane for friminutt, bruk av datamaskinar, internett og mobiltelefon.

Skulen godtek ikkje :

  1. 1.Mobbing, plaging, truslar, vald, rasisme, trakassering, ufin språkbruk - enten fysisk, psykisk, verbalt eller digitalt.
  2. 2. Slåssing eller øydelegging av leik/ andre friminuttsaktivitetar.
  3. 3. At elevane har med eller nyttar rusmiddel, snus eller tobakk i skuletida eller ved arrangement skulen står for.
  4. 4. At elevane har med våpen, våpenliknande gjenstandar eller andre ulovlege gjenstandar som kan brukast til å skade andre i skuletida eller ved arrangement skulen står for.
  5. 5. Plagiat, fusk eller forsøk på fusk.
  6. 6. Utøving av straffbare forhold.
  7.  

Køyrereglar for bruk av datamaskinar, internett, kamera, mobiltelefonar og liknande:

  1. 1. Datamaskinane skal ikkje nyttast til å oppsøke sider med støytande innhald som til dømes vald, rasisme og pornografi.
  2. 2. Det er ikkje lov til å nytte pc-en til å kommunisere med andre i timane.
  3. 3. Lokket på berbare pc-ar skal lukkast heilt att når pc-ane ikkje er i bruk.
  4. 4. Berbare pc-ar skal ikkje takast ut i friminuttet.
  5. 5. Det er ikkje lov å ta bilete, filme eller ta opp lyd utan på førehand å ha fått lov til det.
  6. 6. Det er ikkje lov å legge ut bilete/ filmar/ lydopptak som stammar frå skulen utan særskilt løyve.
  7. 7. Elevane i 1. – 10. kl. skal ikkje ha med mobiltelefon på skulen utan særskilt løyve.

Køyrereglar for friminutt:

  1. 1. Vere på tilvist stad i friminutta. Treng du å forlate skuleområdet i skuletida, må du ha løyve frå lærar.
  2. 2. Elevane skal ete maten på tilvist stad.
  3. 3. 2 hjul =hjelm.

Køyrereglar for matpausen:

  1. 1. Vis omsyn til medelevar.
  2. 2. Vis vanleg bordskikk.
  3. 3. Rydd etter dykk.
  4. 4. Kjeldesorter.
  5. 5. Set stolen på plass.

Tiltak ved brot på ordensreglane/ køyrereglane:

Dersom ein elev bryt ordensreglane/ køyrereglar, kan skulen nytte følgjande tiltak:

  •  Tilsnakk/ samtale med lærar/ kontaktlærar.
  •  Merknad i merknadsprotokollen.
  •  Melding heim i eige brev eller telefon.
  •  Samtale med rektor/ inspektør.
  •  Erstatningskrav vurdert av rektor.
  •  Inndraging av ting som er uvedkomande for undervisninga.

Bortvising:

  •  1.-7. klasse: kan bortvisast for enkelttimar eller resten av dagen.
  •  8.-10. klasse: kan bortvisast i inntil 3 dagar.
  •  Foreldra skal varslast før bortvising frå skulen.
  •  Rektor tek avgjerda om bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Eleven skal ha høve til å forklare seg for rektor.
  •  Ved bortvising frå skulen ein dag eller meir vert det skrive enkeltvedtak med klagerett som sendast føresette.
  •  

Handsama og vedteke i SU 24/9 2015.

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS