Nasjonale prøver Valle skule

Oversikt over nasjonal kartlegging av elevar på 1-10 trinn.

Informasjon om kartlegging av elevar på alle trinn. Skulen gir ikkje permisjon frå opplæringa i kartleggingsperiodane.

Nasjonale prøver.

Nasjonale prøver blir brukte til å vurdere og utvikling elevane sine grunnleggjnade ferdigheiter i lesing, rekning og faget engelsk. Prøvene i lesing og rekning er ikkje prøver i faga norsk og matematikk, men i lesing og rekning som grunnleggjande ferdigheiter på tvers av fag. Prøvere i engelsk måler mellom anna leseforståing, ordforråd og grammatikk.

Kven skal gjennomføre kva for prøver?

Elevar på 5. og 8 trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. Elevar på 9.trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing og rekning. Desse prøvene er dei same som for 8.trinn, slik at skolar kan samanlikne resultata for 8 trinn med 9 trinn same år.

Hovudregelen er at alle elevar skal delta. Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskild norskopplæring kan få fritak frå nasjonale prøver. Desse elevane skal ikkje automatisk får fritak. Dei kan berre få fritak dersom det er klart at prøveresultata ikkje vil ha mykje å seie for deira vidare opplæring. Sjølv om ein elev har rett til fritak, kan eleven sjølv eller foreldra likevel bestemme at elevene skal gjennomføre prøva.

Bruk av resultata.

Eleven og foreldra skal få tilbakemelding frå læraren om resultata frå prøvene når dei er klare. Resultata skal ikkje brukast til å setje karakterar, men skal gje eit grunnlag for å vurdere kva elevane bør arbeide meir med. Resultata skal ein sjå i samanheng med annan informasjon om elevane, og dei skal brukast i arbeidet med TPO og undervegsvurdering. SKulen skal informere omkroleis dei arbeidar med å følgje opp resultata.

Lærarane, skuleleiinga og Udir har tilgang til resultata på elevnivå. Alle har teieplikt om prøveresultata til dei einskilde elevane, og det er strenge krav til at elevane sitt personvern blir sikra. Resultata frå prøvene blri brukte i analyser som skuleeigaren og skuleleiaren skal bruke i arbeidet med å utvikle kvaliteten på skulane.

Når skal prøvene gjennomførast?

Sjå kalenderen til skulen.

Kartleggingprøver 1- 3 trinn.

Formål:

Formålet med kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn er å finne elevar som treng ekstra oppfølging. Det er viktig at desse elevane blir sett tidleg i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilrettelegginga dei har krav på. Kartleggingsprøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at elevar fell frå seinare i opplæringsløpet. Kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn gir ikkje informasjon om alle elevane. Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er rundt eller under ei definert bekymringsgrense. Elevar som har alt rett eller nesten alt rett, er ikkje nødvendigvis spesielt flinke elevar. Derimot treng elevane som hamnar under bekymringsgrensa, ekstra tilrettelegging.

Kven skal gjennomføre prøvene?

Kartleggingsprøvene i lesing på 1. 2. og 3. trinn og rekning 2. trinn er obligatoriske for alle elevar. Har skolen bestemt at dei skal gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, er prøva obligatorisk for alle elevane på det aktuelle trinnet.

Kva tid skal kartleggingsprøvene gjennomførast?

Sjå kalenderen 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS