Du er her: Oppvekst > Heim
Korona teikning

Regjeringa heldt idag pressekonferanse ang tiltak mot smitte av Corona.

Skule og skulefritidsordningen er framleis stengt. Tiltak utvida tom 13.03.2020

Valle skule har vore stengt sidan 12 mars og har etter den dagen gjennomført fjernundervisning/heimeundervisning via digitale verktøy. Tiltaka er sett i verk for å hindre smitte av Corona virus og ifølge regjeringa kan det sjå ut til at tiltaka virker. 

Valle skule og skulefritidsordning vil framleis vere stengt for elevar fram til 13.april. Det betyr at alle elevane skal halde fram med heimeundervising/fjernundervisning inntil ny informasjon blir gitt.

Vi veit at kvardagane er veldig annleis for alle og at det er ei utfordring å få gjennomført skulearbeid, heimekontor på jobben, kvardagslege gjeremål og halde på husfreden, men samstundes vil vi takke alle foreldre og føresette som klarar så sjonglere dette. Desse tiltaka er med å  hindre spreiing av smitte og gjer til at vi vonleg kan kome tilbake til meir eller mindre normal kvardag raskare.

Målet med tiltaka er å slå ned på utbrot av viruset, ikkje berre å bremse det.

Tiltak som vidareførast er:(eit utdrag som er relevante for skule/sfo)

  • Stenging av skule/barnehage:tiltaket vidareførast, men justering vurderast undervegs.
  • Hald avstand: er du ute bør ein ikkje vere meir enn 5 i gruppa. Er ein innandørs bør ein halde avstand på 2 meter.
  • Personar som ankommer Noreg skal opphalde seg i karantene i 14 dagar
  • Personar som har hatt nærkontakt med smitta skal vere i karantene i 14 dagar etter kontakten.
  • Personar som er mistenkt smitta eller bekrefta smitta skal opphalde seg i isolasjon

Meir informasjon på Helsenorge.no

Rutinar for heimeundervisning/fjernundervisning:

Viktig at alle heimar finn ein så god balanse som mogeleg på den nye kvardagen. Under gir vi tips og råd for å få ei god oversikt og struktur.

  • 1-2 klasse: dagplan på e-post frå kontaktlærar kvar dag. Alle foreldre må følge med, følge opp denne e-posten.
  • 3-10 klasse: alle får undervisningsopplegget i TEAMS. 
  • Alle elevane skal "logge" seg på/starte skuledagen kl 08.30. Gjennomfør faste pauser og måltid gjennom skuledagen.
  • Alle elevar bør ha sin faste arbeidsplass. Det bør ikkje vere i senga, men kan godt vere på skrivepulten/bordet på rommet. Viktig å få ro kring oppgåvene. Gjer gjerne denne plassen litt "skuleaktig"(Fjern gjenstander som kan distrahere td dataspel og leiker.
  • Elevane møter ein lærar i videomøte kvar morgon(ikkje 1-2 trinn)
  • Foreldra bør vere orientert om kva som skjer på td teams - vær litt nyfikne på kva dette nye verktøyet er og korleis det fungerar.
  • Faglærarane legg ut sine fagopplegg i kvart klasseteam ihht normal timeplan(så langt det let seg gjere)
  • Elevane arbeidar stegvis med arbeidsplan eller etter fristar for innlevering- ulikt ihht alder og trinn.
  • Alle elevane skal ha kontakt med medelevar og lærarar kvar dag(chat/video/telefon)
  • Alle tilsette på skulen er tilgjengelege på telefon, e-post og teams kvar dag. Elevane bør prioritere skulearbeidet på dagtid. det er då lærarane er tilgjengeleg for elevane ihht rettleiing/samtalar og hjelp. 

Omsorgstilbod til born som ikkje kan vere heime.

Valle skule skal sørge for eit tilbod til born som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdkritiske oppgåver.

Terskelen for å få tilbod ligg høgt ihht smittevern.

Det er to høve for å få tilbod:

1- Personale av kritisk samfunnsfunksjon

2- Personale med andre verksemdskritiske oppgåver(td reperatør av teknisk utstyr på sjukehus)

For båe punkt gjeld dette:

  • Barnet skal vere under 12 år
  • Barn som bur saman med to føresette må ha BEGGE føresette i kritisk samfunnsfunksjonar og/eller andre verksemdkritiske oppgåver.
  • Det finnes ikkje andre løysingar for barnepass.
  • Arbeidsgjevar må på førespurnad kunne bekrefte at føresette er personale i kritisk samfunnsfunksjone og/eller har verksemdkritiske oppgåver.

Kven er definert som samfunnskritiske gruppe- jobber?

Rettar ved stengt skule og skulefritidsording.

Foreldre vil har rett til omsorgspenger når skule og skulefritidsordning (gjeld og barnehage) er stengt.

Sjå meir informasjon på desse nettstadane:

Foreldres rett til omsorgspenger

NAV- Om omsorgspenger og Coronavirus

Coronasituasjonen og barns psykiske helse.

Barn og unge kan ha flerie bekymringar i desse dagar. Dei kan vere redde for å bli smitta, ha familiemedlemmar som er sjuke, bekymring for familiesituasjonen(jobb/økonomi/relasjonar)

Det er viktig at skulen og heimen samarbeidar godt for at vi skal kunne gje barnet tryggleik og hjelp om det er behov. Skulen vil ha jamleg kontakt med borna/elevane og vere ei støtte for dei så langt det let seg gjere.

Mange born er opptekne av viruset og har spørsmål kring dette. Helsedirektoratet har ei fin side med spørsmål og svar som kan vere med å hjelpe i samtalen.

Har du behov for nokon å snakke med?- Sjekk denne informasjonsida vår

Hald fram med dugnaden!

  • Vern om kvarandre ved å vere mindre fysisk saman
  • Vask hendene godt og ofte
  • Host/nys i albodehola
  • Hald avstand

Marit J Brokke

Rektor Valle skule

 

 

 

 

Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS