

Det blir endring i rutene og rutetidene for skuleskyss frå 19.08.2019
Skuleskyss- nye ruter
Skuleåret 2019-2020 blir det ein skule i Valle kommune og med bakgrunn i det blir det og endring i skuleskysstilbodet. Akt Agder som har ansvar for all skuleskyss har alle rutetidene i sanntid og dei kan du finne på web og i AKT appèn
Alle er bussar i rute og vil vere synlege i sanntid på AKT sine sider og/eller i appèn.
Les meir på AKT sine sider ang reiseplanlegger og app.
Informasjon frå AKT kring skuleskyss
Alle elevane må forhalde seg til dei oppsette haldeplassane. Bussane stoppar ikkje andre stader enn det som er oppsett i lista nedanfor.
Rute 1- minibuss
Startar i Uppstadkrysset- Hylestad skule- Brokke(Holtesvingen)- Valle
Haldeplassar:
- Uppstad
- Nomeland Nord
- Hylestad skule
- Holtesvingen
- Bergavkrysset(frå 01.11 tom 30.03.)
Rute 2 vanleg buss
Startar på Besteland- Helle- Rysstad- Skagen bru- Valle
Haldeplassar:
- Hekni
- Straume
- Åsane grendefelt (ved kiosken)
- Rysstad (ved kyrkjegarden)
- Rysstad sentrum
- Skagen bru
Rute 3: vanleg buss
Øyne- Dale-Flateland- Homme- Valle
Haldeplassar:
- Øyne
- Løyland/Dale krysset
- Dale
- Flateland
- Homme sør
- Tveitebø nord
- Valle sentrum