Skulemiljø

SMU ved Valle skule

Ved kvar grunnskule skal det ifølgje opplæringslova § 11-1a vere eit skulemiljøutval.

I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.Samarbeidsutvalet, SU, kan sjølv vere skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet.

Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande. Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet.

SMU 2016-2017

  Elevrepresentant
  Elevrepresentant
  Foreldrerepresentant
  Foreldrerepresentant
  Tilsette
  Tilsette
Marit J Brokke Adm

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS