uiu

Kva er "Ungdomstrinn i utvikling?"

Ungdomstrinn i utvikling UiU, er ei nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving.

Satsinga har 3 sentrale virkemidlar- skulebasert kompetanseutvikling, lærande nettverk og pedagogiske ressursar.

På bakgrunn av eit aukande behov for å styrkje elevane sin motivasjon for læring på ungdomstrinnet, og hjelpe dei til å bli betre rusta til å tileigen seg den kompetansen som er forventa i følgje KL 06. Ungdomstrinnsatsinga arbeidar for å nå desse målsettingene ved å arbeide målrete med klasseleiing,rekning, lesing og skriving.

Satsinga skal bidra til at arbeidsmåtene på ungdomstrinnet blir meir praktiske og varierte, og at elevane opplever at undervisninga er relevant og motiverande for dei. I arbeidet med å gjere arbeidsmåtane på ungdomstrinnet meir praktiske og varierte, er det valgt ut 4 satsingsområder: klasseleiing, rekning, lesing og skrivng. Satsinga skal på grunnlag av desse 4 områda bidra til auka motivasjon og læringsutbytte i alle fag, bedre klasseleiinga og til å heve nivået i rekning, lesing  og skriving for alle elevar, og dei fagleg sterke.

Elevane skal merke satsinga i klasserommet gjennom meir variert og praktiske arbeidsmåtar, og større vekt på utvikling av lese, skrive og rekneferdigheiten i alle fag.

Valle Skule er heldige som får lov til å ha med alle klassane frå 1 tom 10 trinn i satsinga, og har valgt lesing og skriving som arbeidsfelt.

Skulen starta på den skulebaserte kompetanseutviklinga, UiU, våren 2015 med eit samarbeid med UiA for skuleeigar, skuleleiar og ressurslærarane. Hausten 2015 gjekk startskotet for heile personalet og gjennom 4 samlingar med UiA, der skulen har fått ei kompetanseheving i skriving i alle fag, presentasjon av rammeverk for skriving og i tillegg som ein lærande organisasjon, har hatt erfaringsdeling internt og i nettverk med Bykle skule og Hyelstad skule.

Høyr elevane om korleis dei lærar best?

Skrivesenteret

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS