Valle barnehage ligg i nær tilknytning til skulesenteret i Valle.

 

Uteområdet vårt er spanande og gjev rom for variert leik i ulendt terreng og ulike underlag . Fysisk aktivitet er viktig og me  brukar jamnleg både hallen og symjebassenget på skulen. Med skogen like i nærheten og dette flotte nærmiljøet gjev me barna gode moglegheiter til leik og rørsle.

Valle barnehage er ein barnehage med mangfald. Me har barn frå ulike nasjonaliteter.

Visjonen vår er, det er godt å vere meg. I barnehagen skal alle barna føle seg trygge, bli sett, høyrt og verdsatt. Barnehagekvardagen er prega av humor og glede, gode samtalar, utfordringar som gjev gode meistiringsopplevingar.

Me arbeider i små grupper med fokus på leik og vennskap. Alle skal få ta del i og være ein del av felleskapet. Hos oss er gode kvardagar og tid og rom for leik viktigast. Me arbeidar med inkluderande læringsmiljø og forebyggande mobbing.

Søknasskjema for barnehageplass eller endringar finn du her.

Vedteketene for barnehangane finn du her.