Vedtekter SFO Valle skule.

  1. FØREMÅL
    1. SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid
    2. SFO skal drivast i samsvar med grunnskulelova, føresegner og kommunale retningsliner og planar.
    3. SFO skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar som høver til alder, funksjonsnivå og interesser hjå borna.
  2. ADMINISTRASJON – BEMANNING
    1. Kommunen er eigar av SFO, og skuleleiar er ansvarleg for drift av SFO.
    2. Fylkesmannen og kommunen fører tilsyn med SFO.
    3. Det vert gjeve tilbod om SFO ved Valle og Hylestad skular eller ved  barnehagane.
    4. Rektor er til vanleg fagleg og administrativ leiar. Dersom SFO ligg til barnehagen er barnehagestyrar fagleg og  administrativ leiar.
    5. Norm for bemanning er 1 tilsett med  ansvar for opptil 12 barn. Dersom det er påmeld  13 born eller meir til same tid, skal det tilsetjast assistent. For kvar 13 nye som er påmeld til same tid, vert det supplert med 1 assistent.
    6. Foreldre som har born i SFO vel sin representant med vararepresentant til FAU ved skulen eller barnehagen.
  3. DRIFT
    1. Nytt SFO-år tek til samstundes med nytt barnehageår.
    2. Opningstida er frå kl. 7.00 – 16.00 minus skuletida for 1. – 4.klasse.
    3. SFO har tilbod til elevar på 1.-4.trinn i Valle og i Hylestad. Tilbodet er lagt til skulen eller barnehagen sine lokale.
    4. SFO tilbyr:
      1. Frukost kvar dag.
      2. Frukt/grønsaker på dei lange dagane.
    5. SFO har tilbod når elevane ikkje går på skulen 5 dagar i veka med desse                unntaka:
      1. Stengd 3 veker i fellesferien frå og med 2.måndag i juli.
      2. Stengd 5 tariffesta plandagar i året
      3. Samdrift  SFO og barnehage i alle skulen sine ferie – og fridagar.
    6. Alle born skal ha minst 4 veker ferie i året, av desse skal 3 veker vere samanhengande.
  4. OPPTAK – OPPSEIING.
    1. Søknad om opptak skal vere skriftleg på fastsett skjema.
    2. Det kan søkjast for born i 1.-4. trinn og for born med særskilde behov opp til 7.trinn.
    3. Hovudopptak er 1. april etter kunngjering i lokalpressa og ved oppslag.
    4. Opptaket gjeld for eitt år.
    5. Born kan få utvida plass, og nye plassar kan tildelast utanom hovudopptaket dersom det er ledig kapasitet. Skulefagleg ansvarleg er saman med rektor/styrar ansvarleg for opptaket
    6. Vedtak i samband med opptak kan klagast inn til formannskapet innafor lovbestemt klagefrist.
    7. Plass i SFO seiast opp med ein månad oppseiingstid rekna frå den 1. i påfylgjande månad.
    8. Alle oppseiingar og søknadar om endring må vere skriftlege og sendast rektor/styrar
  5. BETALING.
    1. Betalingssatsane for opphald og mat vert fastsette av kommunestyret kvart år. Eventuell endring vert gjort gjeldande frå starten av kommande SFO-år. (Sjå søknadsskjema.)
    2. Det vert gjeve 40 % syskenmoderasjon. Gjeld bare i den tida den eldste betalar full pris. Gjeld ikkje matpengar.
    3. Det er fire takstar:
  1. ½  plass  inntil 12 t/v:                   Følger skuleruta
  2. ½  plass inntil 12 t/v  m/tillegg:    9 t x 5 d/v  i ”skulefri”
  3. Full plass over 12 t/v:                   Følger skuleruta
  4. Full plass over 12 t/v m/tillegg:    9 t x 5 d/v  i ”skulefri”

 

  1. Det vert rekna halve timar pr. veke (avrunding oppover).
  2. Ein kan velje kombinasjon av ulike dagdelar til ulike vekedagar:
  3. Morgon (frå kl. 7.00 til 10 min. før skulestart)
  4. Mellomøkt (mellom skuleslutt småskule og siste skulebuss)
  5. Ettermiddag (frå leksehjelp/skuleslutt til kl.16.00)
  6. Følgje skuleferiar
  7. Opphald utanom det som er tinga fast, betalast med fast timepris som står på søknadsskjema, vedteke av kommunestyret. I slike høve vert det ikkje kravt inn matpengar. Det vert heller ikkje gjeve syskenmoderasjon.
  8. Ved samanhengande sjukefråvere i 14 dagar eller meir, vert det etter søknad med lækjarattest gjeve betalingsfritak.
  9. Det vert ikkje gjeve betalingsfritak i samband med feriereiser.
  10. Krav om foreldrebetaling og/eller matpengar som ikkje vert betalt etter purring, er grunnlag for utestenging frå plassen fram til oppgjeret er i orden.
  11. Formannskapet kan etter søknad i særskilde høve tildele friplass.
  1. AREAL.
    1. Netto innandørs leike- og opphaldsareal fylgjer standard.
    2. SFO har felles uteområde med skulane eller barnehagane.
  2. ANSVAR.
    1. Kommunen har ansvaret for borna i den tida dei er på SFO.
    2. Foreldra har ansvar for transport av borna til og frå SFO.
    3. Foreldra har ansvar for eigedelar som borna har med.
  3. TEIEPLIKT.
    1. Dei tilsette, samt vikarar, i SFO, og alle som handsamar saker etter grunnskulelova har teieplikt.
  4. REVISJON
    1. Vedtektene blir revidert  annakvart år, eller hyppigare ved behov.

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS