Du er her: Oppvekst > Heim

Veke 6: Sosiale medium

1.- 4.klasse vil i veke 6 ha fokus på internett og sosiale medium.

Målet vårt med dette opplegget er:

-Bidra til at elevane våre blir reflekterte og kritiske brukarar av internett og sosiale medium.

-Styrkje borna sin trivsel og handlingskompetanse på nettet.

-Gje elevane ferdigheiter og høve til å gjere gode val når dei er på internett og sosiale medium.

Me ser på dette arbeidet som eit viktig ledd i eit trygt og godt klassemiljø.

Elevane får i denne veka jobbe med ulike problem og dilemma på nettet. Dei får reflektere rundt desse og diskutere handlingsalternativ. Stikkord her kan vere: -god folkeskikk på nettet, -kva rettar born har, -digitale fotspor.

Me vonar at dykk foreldre er nysgjerrige og spør borna dykkar litt om kva dei jobbar med på skulen i denne veka når det gjeld temaet internett og sosiale medium !

Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS