Blyanter_kartlegging

Velkomen til nytt skuleår.

Måndag 20 august kl 08:30 startar vi nytt skuleår med nye undervisningstidar og tider for skuleskyss. Alle heimane vil få tilsendt foreldrehefte på e-post og vi ber alle om å gjere seg kjent i heftet og på denne nettsida.

Valle skule nyttar eiga nettside til å legge ut informasjon som kan vere nyttig for elevar og foreldre. Her finner du informasjon om satsingsområdene til skulen, oversikt over tilsette dette skuleåret, ringetider/timeplan, informasjon om SFO og skulen sine råd og utval.Vi ber alle foreldre om å bruke nettsida aktivt for å vere oppdatert på informasjon om Valle skule.

Nytt dette skuleåret er at Valle vaksenopplæring, som det siste året har vore underlagt administrasjonen til Valle skule, flytter til 3 etg på skulen. Her vil dei vaksne få opplæringa si i dei 3 klasseromma. Vaksenopplæringa tilbyr "Norsk og samfunnskunnskap" som eindel av introduksjonsprogrammet, 2 årig grunnskule for vaksne og trening av grunnleggjande ferdigheiter. Denne 

I tillegg har SFO utvida aktivitetstilbodet med UTESFO kvar tysdag for 3 og 4 trinn og mange born har alt meldt seg på. Aktivitetane i UTESFO vil variere i tråd med årstidene, og vi er sikre på at borna kjem til å få ein god porsjon med frisk luft, fysisk aktivitet og kanskje blir det litt praktisk matematikk og naturfag i denne leiken i tillegg.

Skulane i Valle går over frå 45 min timar til 60 min timar frå 20 august og det gir bla høve for elevinvolvering, variasjon i undervisning og betre tid til inn og utsjekk av læringsmål. Sjekk ut nye tider for timeplanen.

Vi ønskje nye og gamle elevar og foreldre hjarteleg velkomne til eit nytt skuleår og vi ser fram til eit godt samarbeid gjennom året!

 

2018-08-13 Marit Brokke
Tips ein ven Skriv ut