Velkomstsenteret ligg i kommunehuset i Valle, 1. høgda. Me har som mål å betre servicen mot brukarane ved å tilby så mange tenester som mogleg på ein stad. Velkomstsenteret skal vere brukarane sitt fyrste møte med kommunen.

  • Sentralbord- og resepsjonsteneste i høve til innbyggjarar og tilsette i kommunen. Intern serviceeining for alle merkantile oppgåver.
  • Post og arkiv
  • Enkel sakshandsaming - målet er at du kan få rask svar på enkle søknader, så og seie "over disk".
  • Politisk sekretariat

I Velkomstsenteret kan du hente ekstra sekker til plast- og matavfallsposer. Desse er gratis.

Vidare har me ein PC som det er gratis å bruke.

Velkomstsenteret sender også ut faktura på eigenbetaling for kommunale tenester, t.d. husleige for kommunale boligar, etc.

Me i Velkomstsenteret er:

Namn: Ansvarsområde: Telefon:
Gunn Marith Homme                          Leiar, politisk sekretariat                                  37 93 75 20
Sigrid Uppstad Pedersen   Arkivleiar 37 93 75 19 
Torbjørg Trydal Byggesak, kyrkjegard, fakturering mm 37 93 75 30
Marie J. Pedersen  Sentralbord, innkjøp, Setesdal regionråd 37 93 75 00/ 521
Kim Pedersen  Sjåfør 37 93 75 00