Vurdering for læring_logo

Vurdering for læring.

Vurdering for læring kan ein forstå som ein måte å tenkje og handle på, som heile tida har elevane si læring som mål. Valle skule skal i samarbeid med Høgskulen på Lillehammer gjennom ei skulebasert kompetanseheving i VFL i 2017-2019.

 

"Vurdering for læring"

-handlar ikkje som spesielle teknikkar eller ei sett med prosedyrar, og heller ikkje om skjemar eller skriftleggjering, men om skulen sin lærings og vurderingskultur.

Vurdering for læring på 2 minuttar.

Vi på Valle skule arbeidar saman med lærarar og leiar ved Hylestad skule  for å forbetre vurderingspraksisen vår. Dette er ein del av den nasjonale satsinga "Vurdering for læring" sett i sving av Utdanningsdirektoratet. Satsinga bygger på erfaring og forskning bla frå prosjektet "Bedre vurderingspraksis" frå 2006-2007.

Vurdering kan hemme og fremje læring og på Valle skule vil vi at vurdering i større grad enn tidlegare bli eit reiskap for læring og auka motivasjon for læringsarbeidet.Når vurdering av elevarbeid som presentasjonar, arbeid/oppgåver, prøver og anna legg grunnlag for vidare læring og for å utvikle kompetanse, er vi i vurdering FOR læringmodus.

Det er særleg 4 prinsipp som er sentrale for å fremje læring og forutsetnadane for å lære kan styrkjast i:

  1. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei.
  2. Elevane får tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.
  3. Elevane får råd om korleis ein kan forbetre seg.
  4. Elevane er involvert i eige læringsarbeid ved blandt anna å vurdere eige arbeid og utvikling.

Vi har arbeidd med VFL sidan hausten 2015 og kommunen har eigen ressursperson som skal drive den skulebaserte kompetansehevinga ved skulane. I tillegg har vi 2 ressurslærar som saman har fokus på skriving på faget sine premiss og vurdering for læring= å arbeide i prosess.

Sentralt i alt vurderingsarbeid står arbeidet med læreplanmål,kjenneteikn på  måloppnåing og kriteri for vurdering.

1. Mål: kompetansemål som er fastsett i læreplan for fag.Kan vere læringsmål som er leia ut frå kompetansemåla.

2. Kjenneteikn: er beskriving av kva som kjenneteikner kvalitet på kompetanse i fag.Kjenneteikna tar utgangspunkt i kompetansemåla og beskriver kjenneteikn på måloppnåing

3. Kriterier: omtale eller liste over kva som ein krev av ei oppgåve eller eit arbeid.

Valle skule sin vurderingspraksis

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS