prikken VFL stripe

Individuell vurdering i grunnskulen

Det to omgrep som blir brukt om vurdering som involverar elevar i grunnskulen; undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurdering vert gitt løpande undervegs i opplæringa. Sluttvurdering er vurdering ved avslutning av grunnskulen.

Undervegsvurdering.

er all vurdering som skjer undervegs i opplæringa frå 1 trinn og fram til sluttvurderinga på ungdomsskulen.

Undervegsvurdering skal:

  • vere eit reiskap i læringsprosessen.
  • nyttast som grunnlag for tilpassa opplæring.
  • bidra til at eleven aukar kompetanse i fagene.
  • fremje læring og utvikling.
  • gje informasjon om eleven sin kompetanse.

4 prinsipp for god undervegsvurdering.

  1. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva ein forventar av dei.
  2. Elevane skal få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.
  3. Elevane skal få råd om korleis dei skal forbetre seg.
  4. Elevane skal vere involvert i eige læringsarbeid ved bla å vurdere eige arbeid og utvikling

Grunnlag for vurdering i fag.

Kompetansemåla skal vere grunnlaget for vurdering i fag. I grunnskulen har vi eit målrelatert vurderingsprinsipp. Det betyr at faktorar som arbeidsinnsats, føresetnadar til den enkelte elev eller forhold som ein kan sjå i samanheng med eleven sin orden og oppførsel, ikkje skal trekkjast inn i vurderinga i fag. Unntaket er i faget kroppsøving, der innsatsen skal vere ein del av grunnlaget for vurderinga,  §3-3. Innsatsvurderinga ser på korleis eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gje opp, syner sjølvstende og utfordrar eigen fysisk kapasitet.

Elevane må delta.

I vurderingsforskriften står det at elevane skal møte fram og delta aktivt i opplæringa, slik at læraren får grunnlag til å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre spesielle grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkjeleg grunnlag for å gje vurdering av eleven sin prestasjon. Dette vil gjelde for halvårsvurdering med karakter og standpunkt

Eigenvurdering.

Elevane skal få høve til å reflektere over og bli bevisst på si eiga læring. Eleven skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eigen fagleg utvikling. Dette er eigenvurdering.

Halvårsvurdering i fag.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne eleven sin kompetanse i høve til kompetansemåla. Eleven skal og få rettleiing i korleis han kan auke kompetansen i faget.

Frå 8.trinn skal eleven i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Den skal gis skriftleg 2 gonger pr. år- midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta.

Samtalar.

Halvårssamtalar.

Minst ein gang pr. halvårs har eleven rett til samtale med kontaktlæraren om si utvikling i høve til kompetansemåla i fag. Denne samtalen gjennomførast i samband med samtalen med foreldra.(utviklingssamtalen)

Utviklingssamtalen.

Minst 2 gonger pr. år har foreldra rett på ein planlegt og strukturert samtale med kontaktlærar om korleis eleven sin kompetanse i faga er og korleis han arbeidar til dageleg. I utviklingssamtlane skal ein og samtale om elevene si generelle utvikling, prinsippa for opplæringa i læreplanverket og skulen sin formålsparagraf §1-1. Målet for utviklingssamtalen er å bidra til vidare utvikling hjå eleven.

Eleven skal delta på utviklingssamtalen frå 1 trinn.

Grunnlag for vurdering i orden og åtferd.

Føremål med vurdering av orden og åtferd er å bidra til eleven si sosialiseringsprosess og skape eit godt psykososialt miljø. Vurderinga skal og gje informasjon om eleven sin orden og oppførsel.

  • Vurderinga av orden og oppførsel skal vere adskilt frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.
  • Forskriften understreker at det skal takast omsyn til eleven sin føresetnad ved vurdering av orden og oppførsel.
  • Fråvær kan føre til nedsett karakter anten i orden eller oppførsel.
  • Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkeltepisodar, så lenge det ikkje er spesielt klanderverdige eller grove handlingar.

Vurdering av orden.

Vurdering av orden ser på i kva grad eleven møter førebudd til opplæringa og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. 

  • møter presist til timane.
  • følgjer opp arbeidet som skal gjerast.
  • har med det utstyret som eleven trenger til opplæringa.

Vurdering av oppførsel.

Skulen sitt ordensreglement er grunnlaget for vurdering av oppførsel. Vurderinga av oppførsel ser på korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, tilsette ved skulen og andre vaksne i og utanfor opplæringa.Skulen sitt reglement gjeld og utanfor opplæringa (i pausar, på skulevegen, på skuleturar o.l.)

Halvårsvurderinga i orden og oppførsel er ein del av undervegsvurderinga og skal gjevast utan karakter gjennom heile opplæringsløpet §3-15. Frå 8.trinn skal eleven ha halvårsvurdering i orden og åtferd med karakter.

Når eleven avsluttar opplæringa i grunnskulen, skal det fastsetjast standpunktkarakterar i orden og oppførsel etter §3-19.

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS