Telefon Valle skule:
99169862 - rektor
Gateadresse:
Harstadvegen 69, 4747 Valle
Postadresse:
Postboks 4, 4746 Valle
E-post- felles:
post@valle.kommune.no
E-post- rektor: Marit J Brokke
Org nummer: 975281019
Valle skule har vore stengt sidan 12 mars og har etter den dagen gjennomført fjernundervisning/heimeundervisning via digitale verktøy. Tiltaka er sett i verk for å hindre smitte av Corona virus og ifølge regjeringa kan det sjå ut til at tiltaka virker.
Valle skule og skulefritidsordning vil framleis vere stengt for elevar fram til 13.april. Det betyr at alle elevane skal halde fram med heimeundervising/fjernundervisning inntil ny informasjon blir gitt.
Vi veit at kvardagane er veldig annleis for alle og at det er ei utfordring å få gjennomført skulearbeid, heimekontor på jobben, kvardagslege gjeremål og halde på husfreden, men samstundes vil vi takke alle foreldre og føresette som klarar så sjonglere dette. Desse tiltaka er med å hindre spreiing av smitte og gjer til at vi vonleg kan kome tilbake til meir eller mindre normal kvardag raskare.
Målet med tiltaka er å slå ned på utbrot av viruset, ikkje berre å bremse det.
Meir informasjon på Helsenorge.no
Viktig at alle heimar finn ein så god balanse som mogeleg på den nye kvardagen. Under gir vi tips og råd for å få ei god oversikt og struktur.
Valle skule skal sørge for eit tilbod til born som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdkritiske oppgåver.
Terskelen for å få tilbod ligg høgt ihht smittevern.
1- Personale av kritisk samfunnsfunksjon
2- Personale med andre verksemdskritiske oppgåver(td reperatør av teknisk utstyr på sjukehus)
For båe punkt gjeld dette:
Kven er definert som samfunnskritiske gruppe- jobber?
Foreldre vil har rett til omsorgspenger når skule og skulefritidsordning (gjeld og barnehage) er stengt.
Sjå meir informasjon på desse nettstadane:
Foreldres rett til omsorgspenger
NAV- Om omsorgspenger og Coronavirus
Barn og unge kan ha flerie bekymringar i desse dagar. Dei kan vere redde for å bli smitta, ha familiemedlemmar som er sjuke, bekymring for familiesituasjonen(jobb/økonomi/relasjonar)
Det er viktig at skulen og heimen samarbeidar godt for at vi skal kunne gje barnet tryggleik og hjelp om det er behov. Skulen vil ha jamleg kontakt med borna/elevane og vere ei støtte for dei så langt det let seg gjere.
Mange born er opptekne av viruset og har spørsmål kring dette. Helsedirektoratet har ei fin side med spørsmål og svar som kan vere med å hjelpe i samtalen.
Har du behov for nokon å snakke med?- Sjekk denne informasjonsida vår
Hald fram med dugnaden!
Marit J Brokke
Rektor Valle skule