Roald Dahl

Elevane på Valle skule er ivrige lesarar og idag er det bokfest!

Bokfest

Hausten 2017 har Valle skule hatt fokus på lesing og aktivt bruk av skulebiblioteket med mål om å auke lesegleda og lesekompetansen.

Elevane på 1-7 trinn har totalt lese 1012 bøker! Det er i snitt 17, 5 bøker pr barn! Vi er kjempeglade for at elevane er leseglade og takksame for at foreldra stør opp om leseprosjekta vi gjennomfører. Elevane les kvar dag og lærarane les høg for dei kvar dag, så dersom foreldra og les for ungane sine kvar dag kjem kjem lesegleda til forhåpenlegvis til å fortsetje oppover i ungdomstrinnet og i vidaregåande skule.

Skulen har eit godt intent samarbeid for å finne rett litteratur til kvar elev, samt at folkebiblioteket er ein god støttespelar i å finne og dele litteratur. Folkebibilioteket har delt av sine "Guinnes Rekordbøker", så dei som kanskje var gamle for nokre er nye for våre elevar. Alltid populære bøker!

Til sommarferien skal skulebiblioteket og skulen samarbeide med folkebiblioteket om "Sommarles" og det ser vi fram til!

Inntil vidare held vi fram med den gode leseutviklinga på Valle skule!

2018-01-24 Marit Brokke
Tips ein ven Skriv ut