Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Borgarleg vigsel

Tenesteomtale

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

Ordførar og varaordførar er mellom dei som har mynde til å vigsle eit brurepar. Men kommunestyret kan i tillegg velje andre tilsette eller folkevalde i kommunen.

Ta kontakt med oss for å få vite kor og når det er mogleg å gifte seg.

Kriterium/vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Dersom du ikkje bur i kommunen du skal gifte deg i, og den som vigslar deg ikkje er fra din kommune kan det medføre kostnader. Det får du vite når du tek kontakt.


 

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

Ekteskapsloven
Forskrift om registrering og melding av vigsel
Forskrift om kommunale vigsler

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan du søkje om prøving av ekteskap digitalt. Behandlingstida er likevel 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.
 
Skjema som skal fyllast ut er desse:
 
  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
  • Melding om endring av namn, dersom du skal skifte namn.
Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no.
 
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
 
Etter at de har fått prøvingsattesten kan de ta kontakt med kommunen.

De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigslar.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Tjenesten oppdatert: 28.05.2018 20:01