Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 30.03.2020 kl. 11.50

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 30.03.2020 kl. 08.00. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn smittestatus som pr. 30.03. er  slik: Av 17 som totalt er testa. Er 16 av desse prøvene negative, og pr. dd er det ingen smitta i Valle kommune.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen er forlenga til måndag 13.04.2020.

Nytt tiltak: Alle kommunale bygg er stengt for all verksemd med unntak av kyrkjestoga. Dersom ein skal låne kyrkjestoga venter vi at nasjonale føringar vert fulgt og at ein ikkje er meir enn 5 personar til stade.

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear

Forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift - a-melding

A-meldinga er for alle arbeidsgivarar og er ei rapportering av lønn og tilsetjingsforhold til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå.

Tenesteomtale

Frå 1. januar 2015 er det innført ein ny rapporteringsmåte for forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift gjennom a-meldinga.

I a-meldinga rapporterer du informasjon om arbeidsforhold, lønn og ytingar, forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå (SSB). Meldinga skal sendast inn kvar månad av alle som utbetaler lønn, pensjon og andre ytingar. Frist for innsendinga er den 5. i månaden etter dei månadene det skal rapporterast for.

Forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift forfaller til betaling i terminar på to månader, altså seks gonger i året, ved at oppgjer skjer pr. 15. i påfølgjande månad for dei to føregåande kalendermånadene, eksempelvis pr. 15. mars for månadene januar og februar. Oppgjeret skjer til skatteoppkrevjaren.

Skatteetatens overordna mål er å sikre at skatt og avgift blir korrekt fastsett og innbetalt. Meir enn 80 prosent av dei totale skattar og avgifter til stat og kommune kjem inn gjennom dei skatte- og avgiftssystema som etaten forvaltar.

Målgruppe

Arbeidsgjevarar som har 0 til 8 tilsette

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå spesielt

A-opplysningslova
Folketrygdlova § 24-3 Arbeidsgiverens plikter
Skattebetalingslova kap. 5 Forskuddstrekk
Skatteforvaltningslova § 10-2 Kontrollopplysninger fra tredjepart

Skatteforvaltningsloven
A-opplysningsloven
Skattebetalingsloven
Folketrygdloven
A-opplysningsforskriften

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Klikk på skjemalenkja under. For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/Innsender eller Kontaktperson NUF.

Du kan sjå kva for roller du har i Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.

Tjenesten oppdatert: 28.02.2018 18:34