Symjeopplaering

Symjeopplæring

Frå skuleåret 2017/2018 vert det obligatorisk å gjennomføre ein prøve i symjedugleik for elevar på 1 tom 4 trinn. Valle skule har lagt symjeopplæringa til torsdagane. Elevane på 1-4 trinn har då kroppsøving og symjing kvar veke, det er 3 lærarar med elevane og gruppene vil bli aldersblanda.

Skulen nyttar alt no ein del av øvingane som prøva i symjedugleik består av i symjeopplæringa. Øvingane tar utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen for kroppsøving og skal gjennomførast som ein del av opplæringa i løpet av 1-4 trinn.

Kva er formålet med prøva i symjing?

Formålet med prøva er å styrkje symjeopplæringa slik at elevane blir symjedyktige innan 4.trinn.

Symjeprøva skal bidra til at:

  • - skulen si symjeopplæring er i tråd med læreplanen.
  • - elevane får god undervegsvurdering somfremjar læring og meistring.
  • - lærarane kan kartlegge elevane sitt læringsutbytte og setje inn naudsynte til tak på eit tidleg stadie.

Kjelde: Udir.no

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS